Debatten i Rødt er lettere surrealistisk

|

Nokon burde kanskje stilla spørsmål om kvifor Ukraina-debatten i Rødt er som den er.

Eg skal byrja med det grunnleggande: Utan hjelp frå vestlege land, både økonomisk og i form av våpen, er det mykje mogleg at Ukraina for lengst hadde kollapsa, både militært og som stat. Endå større delar av landet, om ikkje heile, hadde vore under russisk okkupasjon.

Fred er meir enn fråveret av krig. Det ville kanskje ikkje ha regna missilar på bustadblokker i eit okkupert Ukraina, men ukrainarane ville då ha levd under eit djupt autoritært styre med dei dramatiske følgjer det ville hatt for politiske rettigheiter, kulturelle rettigheiter og menneskerettar heilt generelt. Det er nok å sjå til rapportar frå område som er under okkupasjon og nok å sjå til rapportar frå område som har vore det, for å vita dette.

Ein slik situasjon ville også hatt djuptgåande geopolitiske implikasjonar. Ikkje berre for Ukraina. Men for Europa. For oss.

Våpenhjelpa bidrege til at Ukraina har overlevd

Gjennom våpenstøtte og økonomisk støtte til Ukraina har me bidrege til at dei har motstandsevne, inklusive moglegheit til å ta attende område som har vore under okkupasjon. Våpenhjelpa bidrege til at Ukraina har overlevd. Den ukrainske motstanden, og våpenstøtta den er avhengig av, gjev også von om at Russland på sikt kan verta påført stor nok skade og mange nok nederlag til at det kan verta reelle fredsforhandlingar, og då ikkje på russiske premiss.

Eg har sagt det før, og eg kan gjerne seie det igjen: Det er få som ynskjer seg ein langvarig krig. Krig er elende og død. Dei fleste krigar ender ved forhandlingsbordet, og det er lett å ynskja seg at det skjer før, snarare enn seinare. Men då er det vesentleg – for Ukraina, for Europa, for oss og jamvel for det framtidige Russland – kva slags premiss fredsforhandlingane skjer på. Difor er det viktig, både for Ukraina og for Europa, at landet er i stand til å forsvara seg og i stand til å slå attende. Difor er det rett å gje Ukraina hjelp, også i form av våpen. Europeiske land bør etter mitt syn også bidra med stridsvogner og anna som gjer at Ukraina kan gjennomføra nye offensivar.

Det finst innvendingar mot våpenhjelp. Nokre av dei er også tufta på realitetar. Våpenhjelp kan sjølvsagt forlenga krigen, men det synest merkeleg å fokusera på det utan å også vurdera utfall som slett ikkje inneber fred, men snarare langvarig og brutal okkupasjon. Våpenhjelp kan føra til ei eskalering, noko som er grunnen til at vestlege land har vore forsiktige med kva og kor mykje dei har gjeve. Og våpen kan også koma på avvegar, ei problemstilling som strengt teke fortener å verta teken meir på alvor.

Problemet med Raudt sin politikk

Problemet med Raudt sin politikk – og det er partiet sin politikk og ikkje berre enkelte talspersonar sin – er ikkje fredsynskjet deira. Problemet er at ynskjet er innhult.

Fleire av partiet sine talsmenn er opptekne av at dei både har fordømt den russiske krigføringa og at dei har krevd at Russland skal trekkja seg ut. Det fyrste er strengt tatt ikkje særleg krevjande (sjølv om det finst folk på den radikale venstresida som slit med å gjera jamvel det). Det andre er nesten litt rørande, som om Russland tek mykje omsyn til krava til eit lite, venstreradikalt parti i Noreg.

Men samstundes, og dette er det grunn til å venda attende til: Debatten innad i Raudt er lettare surrealistisk. Då fleire Raudt-politikarar, blant dei Terje Kollbotn, nyleg braut med partiet si line og etterlyste at Noreg burde bidra med luftvern, eit defensivt våpen, vart han i kommentarfeltet kalla både “femtekolonnist”, “svikar” og “nyttig idiot for NATO og USA”. Ein av kommentarane kunne fortelja at det som no trengst i partiet Raudt “er fornyede studier og debatt angående leninistisk analyse av imperialismen, dens bakgrunn, dens funksjon, dens dynamikk!”.

Personleg trur eg leninistisk analyse er ueigna til det aller meste her i verda. Men det er kanskje ikkje så dumt med litt betre forståing av den russiske imperialismen, både historisk og idag.

Eg tillet meg å tvila på at all denne kritikken kjem frå medlemer og aktive i partiet. Men saka er: Eg kjenner han att. Han kviler nemleg på kjende tonar ytterst på venstrekanten.

Mange fekk med seg utsegnene til Raudt-sentralstyremedlem Joakim Møllersen i gårsdagens Debatten. Men for å skjøna kva eg meiner med kjende tonar, kan det vera nyttig å sjå lenger attende enn til i går kveld.

Beskrives som eit kupp

I årevis har Møllersen konsekvent skildra omveltninga i Ukraina i 2014 som eit kupp. I 2014 skreiv han at “[v]estlig imperialisme baner vei for ukrainske fascister”, med henvisning til ytre høgre-partiet Svoboda og hevda han at Noreg “har tatt parti med et styre av nyliberal økonomisk politikk, med innslag av fascisme, fordi det klargjør veien for et vestlig imperialistisk inntog i Ukraina”.

I mai det året vart det halde nytt presidentval i Ukraina. Ifølgje OSSE var det valet “characterized by high voter turnout and the

clear resolve of the authorities to hold what was a genuine election largely in line with international commitments and with a respect for fundamental freedoms in the vast majority of the country”, sjølv om dei også peikte på ei rekkje problem. Ifølgje Møllersen var det “en farse for å legitimere den nye eliten”, med “en kuppregjering som arrangør”.

Møllersen er ikkje åleine på den radikale norske venstresida om slike perspektiv. Hjå fleire har det ukrainske ytre høgre – som sjølvsagt eksisterer – vorte framstilt som viktigare og meir betydningsfulle enn dei er, for øvrig på om lag same vis som i russisk propaganda. Hjå ein god del har omveltninga i 2014 konsekvent vorte omtalt som eit kupp, også det i tråd med den russiske framstillinga. Ofte har analysa kokt ned til å handla om vestleg imperialisme, og fortald på ein måte som langt på veg overser ukrainarane, og frårøver ukrainarane det som på dårleg nynorsk heiter agency: eigne føresetnader, eigne motiv og beveggrunnar, eiga handling. Det same skjer gjerne i russiske framstillingar, der ukrainarane ofte vert gjort om reine marionetter i vestlege hender. I NATO sine hender.

Det handlar om verdsbilete

Er det fordi denne delen av den radikale venstresida er pro-russisk? Det finst døme på det, men som regel handlar det om noko anna. Det handlar om eit verdsbilete som dreier seg rundt Washington D.C. sin akse, og der det meste vert forstått i det ljoset, samstundes som det kviler på ein gjennomgripande anti-amerikanisme.

Det handlar om ein idé om at ein, som det heiter i Raudt sitt prinsipprogram “ikke skal stille seg på noen side i kampen mellom imperialistiske stormakter, […] verken Russland eller USA”, men der Noreg – igjen ifølgje Raudt sitt prinsipprogram – “[følger] USAs linje og stiller norsk territorium til disposisjon for amerikanske styrker sin militære innringing av Russland”.

For ein heil del i partiet er det prismet ein ser gjennom når ein diskuterer våpenstøtte til Ukraina: Ein bør ikkje gjera det. Fordi USA gjer det.

Den surrealistiske debatten i Raudt har med andre ord både eit bakteppe og ein klangbotn. Og det kunne ein med fordel satt meir søkjeljos på. Personleg trur eg nemleg også at mange av Raudt sine nye veljarar vil oppleva tonane derfrå som rimeleg skjerande i øyra.

Dette innlegget ble opprinnelig publisert på Øyvind Strømmens Facebook-side. 

0 0 votes
Artikkelvurdering
Abonner
Send e-postmelding når
0 Kommentarer
Best likt
Nyeste Eldste
Inline Feedbacks
View all comments