Der ein brenn bøker…
Å setja fyr på heilage bøker bør vera innanfor ytringsfridomen. Og utanfor folkeskikken.
Av Øyvind Strømmen
Den 16. november sette leiaren for SIAN, Lars Thorsen, fyr på ei utgåve av Koranen under ein demonstrasjon i Kristiansand. Sinte motdemonstrantar gjekk til åtak, og politiet slukka den brennande boka med pulverapparat.
I etterkant har Filter Nyheter fortalt at politiet handla ut frå ei ordre frå politidirektør Benedicte Bjørnlund om å forsøka å avverga denne typen offentleg «skjending av Koranen». Ifølgje Filter Nyheter er bakgrunnen ei ny tolking av slike provokasjonar opp straffelova, samt «frykt for hevnangrep fra ekstreme islamister».
– Det å skjenda Koranen vil kunne vera, i ein gitt kontekst, brot på straffelovas §185 om hatefulle ytringar, seier Bjørnland til Filter.
Som fleire har peikt på – også her på Religioner.no – er denne interne politiordra problematisk. Det er det fleire grunnar til, men ein av dei er at dette høyrest litt vel mykje ut som ein blasfemiparagraf.
Til slutt landa Stortinget rett
Blasfemiparagrafen i den norske straffelova sa at «den som i ord eller handling offentlig forhåner eller på en krenkende eller sårende måte viser ringeakt for nogen trosbekjennelse hvis utøvelse her i riket er tillatt». I fleire tiår var han i røynda sovande. Han spela rett nok ei rolle då Statens filmtilsyn stogga filmen Life of Brian i 1980 og slik sikra den masse reklame, som den svenske reklamen som sa at filmen var så morosam at den var forbudt i Noreg. Den siste som vart tiltalt etter paragrafen var likevel Arnulf Øverland, i 1933. Den siste som faktisk vart dømd var arbeiderpartimannen Arnfred Olsen, for artikkelen «Den store humbug» i bladet Fritænkeren:
«Iaar saavel som tidligere blir vel de kristnes julehelg den samme vederstyggelige blanding av gavmildhet og vindesyke, dyd og last – lek og slagsmaal, latter og graat – taksigelser og klager, velsignelser og forbandelser – overdaadighet og sult, liv og død. Naar hertil kommer højtidsklædte prester i stilfulde kirker og halvfulde civiliserte mennesker i kristne drikkebuler, har man kortsagt et complet religiøst cirkus, hvor prædikanterne optrær med sine klown-glansnumre for en skare mennesker som væsentlig bestaar av oldingeaktige individer og halvtullinger.»
Den dommen fall i 1912. Men blasfemiparagrafen hadde framleis sine forsvarar i 2004. Då ville dei dåverande regjeringspartia Høgre, Venstre og Krf, samt både Senterpartiet og Framstegspartiet, halda på han som ei slags sovande åtvaring. Og i 2009 var det den raudgrøne regjeringa som ville ha att ein rest av paragrafen.
Til slutt landa Stortinget rett: sjølv svært provoserande åtak på ein religion er lovleg. Då skapte politidirektøren trøbbel for seg sjølv når ho opna for å «gripe inn mot å brenne religiøse symboler i en setting hvor man fort kan gå over i å true, forhåne og fremme hat, forfølgelse og ringeakt». Det høyrest dessutan i overkant mykje ut som førehandssensur, som den norske Grunnlova eksplisitt forbyr.
Men det største problemet her er at politiet sin inngripen, og forklaringa på denne, gjer SIAN ei teneste. Dei får framstå som modige ytringsfridomsforsvararar. Og det fortener dei verkeleg ikkje.
Dømd for rasisme
Blasfemi er lov i Noreg. Førehandssensur er ikkje lov. Men det er heller ikkje hatefulle ytringar, det å truga eller håna nokon på grunn av deira hudfarge, opphav, religion eller livssyn, homofile orientering eller nedsette funksjonsevne.I
Det skal rett nok ganske mykje til for å verda dømd etter §185 i straffelova. Ein nyleg dom frå Oslo tingrett synleggjer nettopp kor mykje som skal til. Då vart nettopp SIAN-leiar Lars Thorsen dømd til 30 dagars betinga fengsel.
Han vart mellom anna dømd for å i ei SIAN-brosjyre ha hevda at «gode muslimer er en svøpe for sine omgivelser hvor enn de er», og at «et hvert menneske som bekjenner seg til Muhammeds ideologi og som arbeider for å innføre islams ondskap her» må deporterast eller internerast på livstid. Han vart også dømd for ei brosjyre som hevda at «gode muslimer voldtar i et epidemisk omfang i hele Vesten, fordi Allah og Muhammed har sagt at det er helt legalt», og som konkluderte med at «en ideologi som legitimerer predatoradferd hører ikke hjemme her. UT med svineriet».
Thorsen vart derimot frikjend for utsegner i ein annan brosyjre, «Islam – en forbrytelse mot menneskeheten», der det blant anna heitte at «import av seksualpredatorer og morderzombier» er ein del av eit folkemord mot «oss som gruppe», og at «islam er et parasittisk uhyre som næres på ikkemuslimenes blod og eiendom». I dommen heiter det at «ytringene er absurde» og at det «derfor er utfordrende å tolke dem».
Også SIAN-nestleiar Fanny Bråten vart frikjend i den same rettssaka, etter å ha halde ei tale der ho mellom anna snakka om import av «morderzombier, seksualpredatorer, tilbakestående kultur»:
«Kultur fra Midtøsten. Folk blir steina ned når de er på sykkeltur, de skiter ned balkongene og hagene demmes, dem banker på dørene og krever servering. Det er blitt et shithole. Shithole! Da trenger [en] ikke å være så jævlig dyktig i pluss og minus før vi skjønner hvor vi på sikt er på vei. Hva når det blir nok innvandrere fra Midtøsten og Afrika, ikke med islam for det er fyfy og sin kultur, sin kultur, og tar over. Skal vi sitte på ræva folkens, til dem kommer og tar husene våre».
Retten si vurdering var at ytringane ikkje var krenkande nok til å oppfylla vilkår i Straffelova §185. Det synest ikkje vidare sannsynleg at det å brenna ei bok derimot skal vera det.
Definitivt hatefullt
Som døma frå tingretten i Oslo utmerka illustrerer er det ikkje religionskritikk SIAN bruker tida si på. Dei skriv seg inn i ein ganske annan idétradisjon enn Arnulf Øverland, for å seia det mildt. Det kan definitivt kallast hatefullt, sjølv om tingretten si vurdering var at ikkje alt var kriminelt.
Det er slikt som er konteksten når dei brenn Koranen. Og når folk ynskjer å brenna bøker for å markera at dei misliker ein minoritet er det aldri eit godt teikn. Som Heinrich Heine skreiv i 1823: «Dort wo man Bücher verbrennt, verbrennt man auch am Ende Menschen» – der ein brenner bøker, vil ein til slutt også brenna menneske. At anti-muslimsk hat kan gje seg utslag i faktisk og ekstrem valdsbruk er også noko me her til lands veit altfor godt.
Konteksten er likevel ikkje eit godt argument for eit slags forbod mot å brenna Koranen. Det bør vera innanfor ytringsfridomen, sjølv om det – som så mykje anna SIAN driv på med – er langt utanfor folkeskikken. Gjennom sine reaksjonar har diverre både motdemonstrantar og politi dansa med når SIAN denne gongen spela opp til dans.
Lenker:
- Snikgjeninnføring av blasfemilovgivning?
- Hva mener norske tros- og livssynssamfunn om å brenne hellige tekster?
- SIAN må få lov til å brenne Koranen
- Gud lar seg ikke krenke av Koran-brenning
Øyvind Strømmen (f. 1980) er utdanna innan journalistikk, historie og religionsvitskap. Han har skrive fleire bøker om høgreekstremisme, og arbeider for tida med ei bok om konspirasjonsteoriar. Strømmen er også fylkestingspolitikar for Miljøpartiet Dei Grøne i Vestland fylke.
Vet ikke jeg..
As man fights man.