Når lærebøker blir mytespredere

|

Mathias L. Sørbø er en oppvakt og historieinteressert skoleelev. Her tar han et oppgjør med lærebøker som formidler myter fremfor kunnskap.

Av Mathias L. Sørbø

Mathias L Sørbø alias PolykarpEg skal innrømme at ein av mine motivasjonar for å starte denne bloggen (Apologia) var dei mange merkelige og ukorrekte påstandane enkelte av våre skulebøker kjem med, som oftast angåande ting utanfor bokas fagfelt. Av dei fremste døma på det er norskboka vår, Intertekst,  som er full av historiske myter og filosofiske misforståingar. I kapittelet om opplysningstida las eg ein tekst som er ein rein gåvepakke for ein bloggar på jakt etter godt materiale å skrive om, boka påstår nemlig følgande:

«Sjå for deg eit samfunn der religionen ved kyrkja, påstår at han kan forklare alle samfunnsforhold og naturforhold. Folk får ikkje tru på noko som ikkje religionen først har godkjent. […] I eit slikt samfunn finst det ingen krefter som oppfordrar vitskapen til å komme med ny og banebrytande kunnskap, tvert imot blir ny kunnskap sett på med skepsis. […] Dette samfunnet er mellomalderen i Europa»[1]

Her er det med andre ord mykje å gripe tak i. Eg vil byrje med den første påstanden, om at religionen påstod han kunne forklare alle samfunnsforhold og naturforhold. Akkurat kva som inngår i det heller vage utrykket religion kan diskuterast i lange avhandlingar, men det vil vere meir hensiktsmessig å fokusere på kristendommen her (meir spesifikt katolisisme), sidan det er den tekstboka skulda for dette. Ingen av dei kristne doktrinane er fullgode forklaringar på naturforhold, eller gir seg ut for å vere det, i mellomalderen som no. Dei er teologiske, og dermed omhandlar dei ting som er utanfor naturvitskapens fagfelt (meir om dette i ein seinare tekst). Vitskapsmennene i mellomalderen var gjerne opptatt av å finne teologiske mønster i naturen (t.d. symbol på treeininga), noko ein kan seie var ein arv frå antikken, men dei såg aldri på teologien som ein erstatning for naturvitskap eller for den slags skyld politisk filosofi.

Dette kan vi sjå hos t.d. Albertus Magnus, mellomalderfilosof og ein av få som har fått tittelen «doktor av den Katolske Kyrkja», som seier: : «In studying nature we have not to inquire how God the Creator may, as He freely wills, use His creatures to work miracles and thereby show forth His power; we have rather to inquire what Nature with its immanent causes can naturally bring to pass.»[2]Med andre ord var ein ikkje opptatt av å bruke Gud eller mirakel som forklaring på ting ein ikkje forstod, ein ville i staden finne ut korleis skaparverket fungerer. Religionen vart dermed ein motivasjon til å utforske verda rundt seg, ettersom det var Guds skaparverk. Dette var òg starten på moderne vitskapleg metode, slik den vart vidareutvikla i renessansen og på 1600-tallet.[3]

Ei anna tolking av påstanden er at kyrkja meinte at Bibelen kunne forklare alt. Heller ikkje det stemmer, noko vi får bekrefta av bibelforfattarane sjølv, t.d. Johannes som i slutten av evangeliet sitt skriv «Det er òg mykje anna som Jesus har gjort. Skulle det skrivast opp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verda kunne romma dei bøkene som då måtte skrivast.» (Joh 21,25). Det er med andre ord ikkje slik at Bibelen utgir seg for å fortelje absolutt alt, den forteljer det den treng å fortelje; Kven Gud er, kven vi er og korleis vi kan komme til Gud.

Kyrkjefaren Augustin, ein av tidenes mest innflytelsesrike teologar og filosofar, skriv rundt år 400 at:

«Usually, even a non-Christian knows something about the earth, the heavens, and the other elements of this world, about the motion and orbit of the stars and even their size and relative positions, about the predictable eclipses of the sun and moon, the cycles of the years and the seasons, about the kinds of animals, shrubs, stones, and so forth, and this knowledge he hold to as being certain from reason and experience.

Now, it is a disgraceful and dangerous thing for an infidel to hear a Christian, presumably giving the meaning of Holy Scripture, talking nonsense on these topics; and we should take all means to prevent such an embarrassing situation, in which people show up vast ignorance in a Christian and laugh it to scorn.»[4]

Med andre ord kritiserer han kristne som prøver å dra naturvitskaplege slutningar ut i frå bibeltekstane, når dei verken forstår vitskapen eller tekstane. Kyrkja har rettnok til tider føretrukke visse vitskaplege posisjonar, t.d. at jorda var sentrum i solsystemet, men det hindra ikkje Nicolaus Copernicus, som i tillegg til å vere vitskapsmann hadde ein kyrkjeleg posisjon,  i å forske på og publisere sine teoriar om det heliosentriske verdsbiletet. At desse teoriane ikkje kom på eit tidlegare tidspunkt skyldast ikkje den kristne teologien, men ein kombinasjon av at det geosentriske verdsbiletet var meir intuitivt og respekt for greske tenkerar som Platon, Aristoteles og Ptolemaios som alle støtta det geosentriske verdsbiletet.[5]

Kva så med dei neste påstandane? Stemmer det at kyrkja måtte godkjenne alt for at folk skulle tru på det? Og at det difor ikkje kom nemneverdige oppdagingar i mellomalderen? Nei, nok ein gong er mytane ute og går. Kyrkja hadde ingen systematisk sensur av vitskaplege verk, eller vitskapleg arbeid elles. Det var stort sett berre i teologiske spørsmål at kyrkja kunne forby bøker, og Galileo Galilei er truleg den einaste i historia som kyrkja har idømt straff av vitskaplege årsakar, men då òg var det mange andre faktorar.[6]

Dessutan skjedde det rimeleg mange oppdagingar i mellomalderen, t.d. er briller, undertøy, smertestillande medisin, vindmøller, bankar, moderne klokker, kompass og universitet nokre av nyvinningane som kom i denne tida.[7] Mykje av grunnlaget for oppdagingar gjort under den vitskaplege revolusjon vart dessutan lagt i mellomalderen, t.d. vart det vist at det var mogleg for jorda å snurre rundt si eiga akse, utan at vi merkar det, noko som var viktig for Copernicus sine teoriar. [8]  I tillegg vart det i mellomalderen omsett ei rekke vitskaplege og filosofiske verk av arabiske, jødiske og greske forfattarar til latin. Det burde vere sjølvsagt at eit verk som argumenterer for islamsk teologi var imot det kyrkja stod for. Likevel var det nettopp kyrkjas eigne menn som omsette desse verka, som vart aktivt lest og brukt av kristne filosofar.[9]

Det er dette som er mellomalderen i Europa, eller i alle fall litt nærare røynda enn det norskboka påstår. Mellomalderen var ei periode med mykje uro og maktmisbruk, også i kyrkja, men det var ikkje ei kolsvart sovjetepoke styrt av Pave Stalin I. Så får vi håpe norskboka er noko betre i norsk enn i vitskapshistorie.

Dette innlegget ble først publisert på bloggen polykarpapologia.blogspot.no

Religioner.no-lenker:

Referanser: 

[1] Intertekst VG2, Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke AS, 1. utgåve 2014, s.196

[2] Albertus Magnus, De vegetabilibus et plantis

[3] http://plato.stanford.edu/entries/scientific-method/#HisRevAriMil

[4] Augustin av Hippo, De genesi ad litteram

[5] http://plato.stanford.edu/entries/copernicus/#2.1

[6] Davidsen, Bjørn Are (2010): Da jorden ble flat. Mytene som ikke ville dø, Luther forlag.

[7] Frugoni, Chiara (2007): Inventions of the Middle Ages, The Folio Society

[8]  Hamman, James (2009): God’s Philosophers. How the Medieval World Laid the Foundations of Modern Science

[9] http://historyofphilosophy.net/latin-translations

0 0 votes
Artikkelvurdering
historiemiddelalderennorskskolebøker
Abonner
Send e-postmelding når
0 Kommentarer
Best likt
Nyeste Eldste
Inline Feedbacks
View all comments